13 Han byrjar med å tala dårskap,og han sluttar av med det reine vanvitet.
14 Ja, dåren bruker mange ord.Mennesket veit ikkje kva som skal henda.Kven kan fortelja hankva som kjem til å henda når han er borte?
15 Dåren masar så han blir trøytt,han som ikkje eingong veit vegen til byen.
16 Ve deg, du land som har eit barn til kongeog stormenn som held gilde når morgonen gryr.
17 Lukkeleg er du landsom har ein høgætta kongeog stormenn som held måltid i rett tid,som staute menn og ikkje som drankarar.
18 Der latskapen rår, sig takbjelkane ned,og sit ein med hendene i fanget,dryp det inn i huset.
19 Folk held fest for å mora seg,og vinen gjev glede i livet,men pengar er svaret på alt.