2 Den vises hjarte fører rette vegen,men dårens tanke fører gale av stad.
3 Sjølv når dåren ferdast på gata,manglar han vit.Han kunngjer for alle at han er dum.
4 Om herskaren blir harm på deg,så gå ikkje frå plassen din;sinnsro kan hindra store feilsteg.
5 Ein uting har eg sett under sola,eit mistak av den som sit med makta:
6 Dårskap vart sett i høgsetet,medan rikfolk sat nedst ved bordet.
7 Eg såg slavar til hestog fyrstar til fots lik slavar.
8 Den som grev ei grav,kan sjølv falla nedi;den som riv eit grensegjerde,kan bli biten av ein orm.