5 Ein uting har eg sett under sola,eit mistak av den som sit med makta:
6 Dårskap vart sett i høgsetet,medan rikfolk sat nedst ved bordet.
7 Eg såg slavar til hestog fyrstar til fots lik slavar.
8 Den som grev ei grav,kan sjølv falla nedi;den som riv eit grensegjerde,kan bli biten av ein orm.
9 Den som bryt stein, kan skada seg.Den som kløyver trestammar, kan koma i fare.
10 Når øksa ikkje bit og egga er uslipt,må han bruka dess større kraft.Men den duglege veit å bruka visdomen sin.
11 Om ormen høgg før maningsord er sagt,kva gagn har manaren då av si kunst?