1 Kast ditt brød på vatnet,for med tida skal du finna det att.
2 Del det du har, med sju eller åtte;for du veit ikkje kva for ulukkesom kan henda på jorda.
3 Når skyene blir fulle av regn,auser dei det ut over jorda.Fell eit tre, mot sør eller nord,blir det liggjande på staden der det fall.
4 Den som aktar på vinden, får ikkje så,den som kikkar på skyene, får ikkje hausta.
5 Like lite som du veitkorleis vinden blæsog beina blir til i mors liv,like lite kan du skjønaGuds gjerningar, han som gjer alle ting.
6 Så ditt såkorn om morgonen,og lat ikkje handa kvila mot kveld.Du veit då ikkje kva som vil lukkast,det eine eller det andre,eller om begge delar er like gode.