3 Når skyene blir fulle av regn,auser dei det ut over jorda.Fell eit tre, mot sør eller nord,blir det liggjande på staden der det fall.
4 Den som aktar på vinden, får ikkje så,den som kikkar på skyene, får ikkje hausta.
5 Like lite som du veitkorleis vinden blæsog beina blir til i mors liv,like lite kan du skjønaGuds gjerningar, han som gjer alle ting.
6 Så ditt såkorn om morgonen,og lat ikkje handa kvila mot kveld.Du veit då ikkje kva som vil lukkast,det eine eller det andre,eller om begge delar er like gode.
7 Lyset gjer godt,det er ein fryd for auget å sjå sola.
8 Om mennesket får leva i mange år,skal det gleda seg over dei alle,men òg tenkja på dei mørke dagane,for av dei blir det mange.Alt som kjem, er forgjengeleg.
9 Gled deg, du ungdom, medan du er ung,ver glad og fornøgd i livsvåren!Gå på dei vegane hjartet vil,følg det som lokkar ditt auge!Men vit at for alt som du gjer,skal Gud krevja deg til rekneskap.