1 Tenk på din skapar i ungdoms år,før dei vonde dagane kjem,før dei åra kjem då du må seia:«Eg har inga glede av dei»,
2 før sol og dagslys,måne og stjerner blir mørkeog skyene kjem att etter regnet.
3 Då skjelv tenarane i huset,dei sterke mennene blir krokete.Kvinnene som mel på kverna,held opp, for dei har vorte så få;og det mørknar for jentene som ser ut gjennom gluggane.
4 Begge dørene mot gata blir stengde,og duren frå kverna blir døyvd.Ein står opp til fuglekvitter,men alle songens døtrer stilnar.
5 Då ottast ein for kvar bakke,og farar lurer på vegen.Mandeltreet blømer,grashoppa slepar seg fram,og kapersfrukta brestmedan mennesket går til sin siste bustad;dei som skal gråta, er alt på gata.