2 før sol og dagslys,måne og stjerner blir mørkeog skyene kjem att etter regnet.
3 Då skjelv tenarane i huset,dei sterke mennene blir krokete.Kvinnene som mel på kverna,held opp, for dei har vorte så få;og det mørknar for jentene som ser ut gjennom gluggane.
4 Begge dørene mot gata blir stengde,og duren frå kverna blir døyvd.Ein står opp til fuglekvitter,men alle songens døtrer stilnar.
5 Då ottast ein for kvar bakke,og farar lurer på vegen.Mandeltreet blømer,grashoppa slepar seg fram,og kapersfrukta brestmedan mennesket går til sin siste bustad;dei som skal gråta, er alt på gata.
6 Ja, tenk på din skaparfør sølvsnora slitnar og gullskåla brest,før krukka går sund attmed kjeldaog hjulet brotnar og fell i brønnen,
7 når støvet vender attende til jordasom det støvet det var,og ånda går til Gud, som gav henne.
8 Fåfengt og forgjengeleg, seier Forkynnaren,ja, alt er forgjengeleg!