7 når støvet vender attende til jordasom det støvet det var,og ånda går til Gud, som gav henne.
8 Fåfengt og forgjengeleg, seier Forkynnaren,ja, alt er forgjengeleg!
9 Forkynnaren var ikkje berre vis, han gav òg folket kunnskap. Han grunda og granska og laga mange ordtak.
10 Forkynnaren la vinn på å finna gode ord og vendingar og skreiv ned det som er rett og sant.
11 Ord av vismenn er som broddar,fyndord i samling er som naglarsette inn av ein gjetar.
12 Men elles, son min, ta deg i vare:Det er ingen ende på dei bøkene som blir skrivne,og mykje gransking gjer kroppen trøytt.
13 Dette er summen av alt du har høyrt:Ottast Gud og hald hans bod!Dette er det som alle menneske har fått.