14 Den vise har auge i hovudet,men dåren går omkring i mørker.Men eg skjøna ògat slik det går med den eine,slik går det med begge.
15 Og eg sa i hjartet mitt:Slik det går med dåren, skal det òg gå med meg.Så kva skal all min visdom tena til?Og eg svara i hjartet mitt:Det òg er slikt som forgår.
16 For minnet om den viselever ikkje lenger enn minnet om dåren.I dagane som kjem,er allting gløymt for lenge sidan.Ja, den vise må døy, han slik som dåren.
17 Då hata eg livet,for det som hender under sola, plaga meg.Alt er like fåfengt som å gjeta vinden.
18 Eg hata alt eg hadde arbeiddog streva med under sola.Alt må eg overlatatil den som kjem etter meg.
19 Kven veit om det blir ein vis eller ein dåresom skal rå over det eg har vunnemed mitt arbeid og min visdom under sola?Dette òg er fåfengt.
20 Då vart eg djupt fortvila i hjartetover alt eg har arbeiddog streva med under sola.