17 Då hata eg livet,for det som hender under sola, plaga meg.Alt er like fåfengt som å gjeta vinden.
18 Eg hata alt eg hadde arbeiddog streva med under sola.Alt må eg overlatatil den som kjem etter meg.
19 Kven veit om det blir ein vis eller ein dåresom skal rå over det eg har vunnemed mitt arbeid og min visdom under sola?Dette òg er fåfengt.
20 Då vart eg djupt fortvila i hjartetover alt eg har arbeiddog streva med under sola.
21 For ein mann kan vinna mykjemed visdom, kunnskap og dugleik,men må likevel gje det i arv til ein annansom ikkje har hatt noko strev med det.Det òg er fåfengt, ei ulukke er det.
22 Kva har mennesket attfor alt sitt arbeid, alt hjartet jagar etter,for alt det strevar med under sola?
23 Alle dagar som mennesket får, er fulle av smerte,og alt det driv med, gjev det sorg.Ikkje eingong om nattafell hjartet til ro.Det òg er fåfengt.