20 Då vart eg djupt fortvila i hjartetover alt eg har arbeiddog streva med under sola.
21 For ein mann kan vinna mykjemed visdom, kunnskap og dugleik,men må likevel gje det i arv til ein annansom ikkje har hatt noko strev med det.Det òg er fåfengt, ei ulukke er det.
22 Kva har mennesket attfor alt sitt arbeid, alt hjartet jagar etter,for alt det strevar med under sola?
23 Alle dagar som mennesket får, er fulle av smerte,og alt det driv med, gjev det sorg.Ikkje eingong om nattafell hjartet til ro.Det òg er fåfengt.
24 Ingen ting er betre for eit menneskeenn å eta og drikkaog unna seg gode dagarmidt i alt sitt strev.Men eg fekk sjå at det ògkjem frå Guds hand.
25 For kven kan eta og vera gladutan at det er gjeve av han?
26 Ja, Gud gjev visdom, kunnskap og gledetil den som er god i hans auge.Men den som syndar,gjev han strevet med å samla og sanka,og sidan må han gje alt samantil den som er god i Guds auge.Dette òg er fåfengt, det er som å gjeta vinden.