4 Så sette eg store ting i verk:Eg bygde hus og planta vinmarker,
5 eg stelte til hagar og parkarog sette alle slag frukttre i dei.
6 Eg bygde dammar til å vatnalundar med frodige tre.
7 Eg kjøpte slavar og slavekvinner,eg hadde slavar som var fødde i mitt hus.Eg fekk meg meir storfe og småfeenn nokon hadde hattfør meg i Jerusalem.
8 Eg samla meg sølv og gull,og kongelege skattar frå andre rike.Eg fekk meg songarar og songarinnerog det som er ei lyst for menn,kvinner og atter kvinner.
9 Eg vart stor i makt og rikdom,ja, større enn nokon som har levd i Jerusalem før meg.Men visdomen min heldt eg fast ved.
10 Eg sa ikkje nei til noko av det auga ønskte;eg nekta meg inga glede.Hjartet gledde seg over alt mitt arbeid,og det var løna for mitt strev.