8 Eg samla meg sølv og gull,og kongelege skattar frå andre rike.Eg fekk meg songarar og songarinnerog det som er ei lyst for menn,kvinner og atter kvinner.
9 Eg vart stor i makt og rikdom,ja, større enn nokon som har levd i Jerusalem før meg.Men visdomen min heldt eg fast ved.
10 Eg sa ikkje nei til noko av det auga ønskte;eg nekta meg inga glede.Hjartet gledde seg over alt mitt arbeid,og det var løna for mitt strev.
11 Så vende eg blikketmot alt mine hender hadde gjort,alt eg hadde samla ved å arbeida.Og sjå, alt var like fåfengt som å gjeta vinden.Det er ingen ting å vinna under sola.
12 Eg vende blikket mot visdom,mot uforstand og dårskap.Kva kan han gjera som kjem etter kongen?Ikkje anna enn det som er gjort før han.
13 Eg såg at visdom er betre enn dårskap,slik lyset er betre enn mørkret.
14 Den vise har auge i hovudet,men dåren går omkring i mørker.Men eg skjøna ògat slik det går med den eine,slik går det med begge.