11 Når to ligg saman, blir dei varme,men korleis kan den som ligg åleine, halda seg varm?
12 Om éin blir overvunnen,kan to halda stand.Ein tretvinna trådslitnar ikkje så fort.
13 Det er betre med ein fattig unggut som er klok,enn ein gammal konge som er dumog ikkje meir har vit til å høyra på åtvaring.
14 Ein som kom ut av fengselet,vart teken til konge,men enno medan han styrte,vart det fødd ein fattig gut.
15 Eg såg korleis alle menneskesom gjekk omkring under sola,gav seg i lag med denne nyesom skulle ta kongens plass.
16 Det var ingen ende på alt folketsom han vart førar for.Men heller ikkje hanvart til glede for dei som kjem etter.Dette òg er fåfengt, som å gjeta vinden.
17 Akta foten din når du går til Guds hus!Det er betre at du kjem dit og høyrerenn å bera fram offer slik dårane gjer;dei veit ikkje anna enn å gjera det vonde.