1 Ver ikkje for snar med munnen,og lat ikkje hjartet forhasta segnår du vil tala eit ord for Guds andlet.For Gud er i himmelen og du er på jorda,lat difor orda dine vera få!
2 Med hardt slit følgjer tankespinn,med dårars tale følgjer mange ord.
3 Når du gjev Gud ein lovnad,så dryg ikkje med å halda han.For Gud har ikkje glede i dårar.Hald det du har lova han!
4 Det er betre at du ikkje gjev han lovnader,enn at du lovar og ikkje held ord.