3 Når du gjev Gud ein lovnad,så dryg ikkje med å halda han.For Gud har ikkje glede i dårar.Hald det du har lova han!
4 Det er betre at du ikkje gjev han lovnader,enn at du lovar og ikkje held ord.
5 Lat ikkje munnen få deg til å synda,og sei ikkje til Guds sendebod:«Eg gjorde det av vanvare.»Kvifor vil du gjera Gud harm med orda dine,så han øydelegg det du har gjort?
6 Midt i alle draumar, alt som er fåfengt, og alle ord:Ha ærefrykt for Gud!
7 Ser du at fattigfolk blir undertrykte,at rett og rettferd blir krenkte i din provins,så undra deg ikkje over det!For den eine mektige vernar den andre,og over dei begge står andre med makt.
8 Framfor alt er jord ein god ting,ein konge må sørgja for at jorda blir dyrka.
9 Den som er glad i pengar,blir aldri mett på pengar.Den som elskar rikdom,får aldri vinning nok.Dette òg er fåfengt.