7 Ser du at fattigfolk blir undertrykte,at rett og rettferd blir krenkte i din provins,så undra deg ikkje over det!For den eine mektige vernar den andre,og over dei begge står andre med makt.
8 Framfor alt er jord ein god ting,ein konge må sørgja for at jorda blir dyrka.
9 Den som er glad i pengar,blir aldri mett på pengar.Den som elskar rikdom,får aldri vinning nok.Dette òg er fåfengt.
10 Dess større eigedom,dess fleire som skal leva av han.Kva gagn har eigaren av det,anna enn at han får meir å sjå på?
11 Ein slave kan sova godtanten han har lite eller mykje å eta.Alt det den rike eig,tek natteroa frå han.
12 Noko beiskt og vondthar eg sett under sola:Oppspart rikdomkan bli til ulukke for eigaren.
13 Rikdomen kan gå tapt i uheldig handel,og når han får ein son,står han der med tomme hender.