18 Det er godt at du held fast på det eineog heller ikkje slepper det andre.For den som har ærefrykt for Gud,skal lukkast med begge delar.
19 Visdom gjer vismannen sterkareenn ti mektige menn i byen.
20 Det finst ikkje eit rettferdig menneske på jordasom berre gjer godt og aldri syndar!
21 Bry deg heller ikkje omalt det folk seier,elles kan det henda du må høyraat slaven din forbannar deg.
22 Du veit då i hjartet ditt at du ògmang ein gong har forbanna andre.
23 Alt dette ville eg prøva med hjelp av visdomen.Eg sa: Eg vil vinna visdom,men han var langt borte frå meg.
24 Det som hender, er langt borteog djupt, djupt nede.Kven kan få tak i det?