24 Det som hender, er langt borteog djupt, djupt nede.Kven kan få tak i det?
25 Eg vigde hjartet mitt til å granska og leita,til å søkja etter visdom og samanheng;eg ville skjøna at lovløyse er tåpeleg,at dårskap er vanvit.
26 Då fann eg at beiskare enn dødener den kvinna som set snarer;hennar hjarte er eit garn og hendene lenkjer.Den som er god i Guds auge, slepp ifrå henne,men den som syndar, fangar ho.
27 Sjå, dette fann eg, seier Forkynnaren,då eg la det eine til det andreog ville finna ein samanheng.
28 Eg leita støtt, men fann han ikkje.Eit einaste menneske fann eg mellom tusen,men aldri fann eg ei kvinne mellom dei.
29 Sjå, dette er det einaste eg har funne:Gud gjorde mennesket rakt og rett,men dei prøver så mange slag påfunn.