1 Kven er som den vise,ja, kven kan tyda det som hender?Visdomen lyser opp andletet til mennesketså det strenge draget mildnast.
2 Gjer som kongen byd,du svor ved Gud å lyda han.
3 Ver ikkje snar til å gå bort frå han,og ver ikkje med på ei dårleg sak!For kongen gjer alt det han vil.
4 Kongens ord er lov,kven kan seia til han: «Kva gjer du?»
5 Den som held bodet hans,røyner ikkje noko vondt;den vise kjenner i hjartetden rette tida og vegen.
6 For allting som blir gjort, har si tid og sin veg,og det vonde som ventar på mennesket,kviler tungt på han.
7 Han veit ikkje kva som skal henda.For kven kan seia han kva som skal skje?