12 For ein syndar kan gjera det vonde i mange år,og endå lèt Gud han leva lenge.Likevel skulle eg då vitaat det går godt for dei som ottast Gud,fordi dei har ærefrykt for han,
13 medan det ikkje lukkast for den urettferdige;livet hans blir stutt, kortvarig som ein skugge,fordi han ikkje ottast Gud.
14 Det er noko meiningslaustsom hender på jorda:Med somme rettferdige går detsom dei urettferdige fortener,og med somme urettferdige går detsom dei rettferdige fortener.Eg seier: Dette òg er fåfengt.
15 Eg har lovprisa gleda,for det finst inga anna lukkefor mennesket her under solaenn å eta og drikka og gleda seg.Dette får følgja han i strevetdei levedagane Gud gjev han under sola.
16 Eg vigde hjartet mitt til å læra visdomen å kjennaog såg på det slitet og strevetsom menneska har på jorda.Korkje dag eller natthadde eg blund på auga,
17 og eg såg at mennesketikkje kan skjøna det Gud lèt henda,alt det som skjer under sola.Kor mykje han så strevar og granskar,finn han ikkje ut av det.Sjølv om den vise seier han skjønar,fattar han det endå ikkje.