8 Ingen har makt over vindenså han kan halda han att.Og ingen rår for sin dødsdag.I krig slepp ingen fri,lovløyse bergar ikkje sin mann.
9 Alt dette såg egdå eg merkte meg alt som skjer under sola,når eit menneske har makt over eit annaog gjer han skade.
10 Vidare såg eg at urettferdigevart lagde i grava,medan dei som kom og gjekk frå den heilage staden,dei som hadde gjort det rette,vart gløymde i byen.Dette òg er fåfengt.
11 Om dommen over vond gjerningikkje straks blir sett i verk,får menneska mot til å gjera det vonde.
12 For ein syndar kan gjera det vonde i mange år,og endå lèt Gud han leva lenge.Likevel skulle eg då vitaat det går godt for dei som ottast Gud,fordi dei har ærefrykt for han,
13 medan det ikkje lukkast for den urettferdige;livet hans blir stutt, kortvarig som ein skugge,fordi han ikkje ottast Gud.
14 Det er noko meiningslaustsom hender på jorda:Med somme rettferdige går detsom dei urettferdige fortener,og med somme urettferdige går detsom dei rettferdige fortener.Eg seier: Dette òg er fåfengt.