3 Dette er det vonde med alt som hender under sola,at det går like eins med alle;menneskehjartet er fullt av vondskap,uforstand har dei i sinnet så lenge dei lever,og sidan må dei fara til dei døde.
4 For den som høyrer til mellom dei levande,er éin ting sikkert:Det er betre å vera ein levande hundenn ei daud løve.
5 Dei levande veit at dei skal døy,men dei døde veit ingen ting.Dei har inga løn i vente,for minnet om dei er gløymt.
6 Det er slutt med kjærleiken deira for lenge sidan,med både hatet og misunninga deira.Aldri meir skal dei få deli alt det som hender under sola.
7 Så gå og et ditt brød med glede,og drikk din vin med glede i hjartet!For Gud har alt sagt ja til det du gjer.
8 Ha alltid kvite festklede på,lat oljen flyta over hovudet ditt!
9 Nyt livet med kvinna du elskar,alle dine kortvarige levedagar,dei som Gud gjev deg under sola,ja, alle dine kortvarige dagar.For dette er din del i livet,midt i alt strevet og arbeidet under sola.