4 For den som høyrer til mellom dei levande,er éin ting sikkert:Det er betre å vera ein levande hundenn ei daud løve.
5 Dei levande veit at dei skal døy,men dei døde veit ingen ting.Dei har inga løn i vente,for minnet om dei er gløymt.
6 Det er slutt med kjærleiken deira for lenge sidan,med både hatet og misunninga deira.Aldri meir skal dei få deli alt det som hender under sola.
7 Så gå og et ditt brød med glede,og drikk din vin med glede i hjartet!For Gud har alt sagt ja til det du gjer.
8 Ha alltid kvite festklede på,lat oljen flyta over hovudet ditt!
9 Nyt livet med kvinna du elskar,alle dine kortvarige levedagar,dei som Gud gjev deg under sola,ja, alle dine kortvarige dagar.For dette er din del i livet,midt i alt strevet og arbeidet under sola.
10 Alt du kan gjera med hendene,gjer det med den krafta du har.For i dødsriket, dit du går,er det korkje gjerning eller tanke,korkje kunnskap eller visdom.