1 Syn som Jesaja, son til Amos, såg om Juda og Jerusalem i dei dagane då Ussia, Jotam, Ahas og Hiskia var kongar i Juda.
2 Høyr, de himlarog lytt, du jord,for Herren talar:Born har eg fostra og oppdrege,men dei har sett seg opp imot meg.
3 Ein okse kjenner eigaren sin,eit esel krubba til herren sin.Men Israel kjenner ikkje,folket mitt forstår ikkje.
4 Ve det syndige folket,eit folk tungt av skuld,ei slekt som handlar vondt,born som øydelegg!Dei har forlate Herren,forakta Israels Heilageog vendt ryggen til han.
5 Har de ikkje fått nok slag?Gong på gong fell de frå.Kvart hovud er skadd,og kvart hjarte er sjukt.