1 Den dagen skal sju kvinnergripa tak i same mann og seia:«Brød og klede skal vi skaffa oss sjølve,berre vi får bera ditt namn.Ta vår vanære bort!»
2 Den dagen skal Herrens spirebli til herlegdom og æreog frukta i landet til stordom og heiderfor dei som slapp unna i Israel.
3 Resten som er på Sion,og som er att i Jerusalem,skal kallast heilag,kvar og ein i Jerusalem som er oppskriven til livet.
4 Herren skal vaska skiten av Sions døtrerog skylja bort alt blodet frå Jerusalemmed Anden som dømmer,med Anden som reinsar.
5 Så skal Herren skapaei røyksky om dagenog røyk og lys frå ein flammande eld om nattaover heile Sion-fjelletog over møtestadene der.For over all herlegdom skal det vera eit vern,
6 ei lauvhytte som skyggjer for heten om dagenog gjev livd og skjul mot uvêr og regn.