1 Herren sa til meg: «Ta deg ei stor tavle og skriv på henne med ein vanleg griffel: Til Maher-Sjalal-Hasj-Bas.»
2 Eg tok meg pålitelege vitne, presten Uria og Sakarja, son til Jeberekja.
3 Så var eg saman med profetkvinna, og ho vart med barn og fekk ein son. Då sa Herren til meg: «Gjev han namnet Maher-Sjalal-Hasj-Bas.
4 For før guten har lært å seia far og mor, skal rikdomane frå Damaskus og krigsbyttet frå Samaria berast fram for kongen av Assur.»
5 Herren tala igjen til meg og sa:
6 Fordi dette folket foraktarSiloas vatn, som renn så stilt,og mistar motet for Resin og Remaljas son,
7 sjå, difor lèt HerrenStorelva stiga over deimed veldige vassmengder– assyrarkongen og all hans makt.Ho skal stiga over alle sine elvefarog gå over alle sine bredder,
8 ho kjem inn over Juda,fløymer over og breier seg utovertil ho når opp til halsen.Med sine utspente venger fyller ho landet ditt,så vidt som det er, Immanuel!
9 Lat hærropet lyda, folkeslag, og bli slegne av skrekk!Lytt, alle fjerne land!Rust dykk til strid og bli slegne av skrekk,rust til strid og bli slegne av skrekk!
10 Legg ein plan, han skal slå feil!Sei eit ord, det skal ikkje slå til!For Gud er med oss.
11 For så sa Herren til meg då handa hans greip meg fast og han åtvara meg mot å gå den vegen dette folket går:
12 De skal ikkje seia «samansverjing»til alt dette folket kallar samansverjing!Det dei fryktar,skal ikkje de frykta og ikkje skjelva for.
13 Herren over hærskarane,han skal de halda heilag.Han skal de frykta,og han skal de skjelva for.
14 Han skal vera ein heilagdom,ein snublestein og eit berg til fallfor Israels to hus,ei snare og ei fellefor dei som bur i Jerusalem.
15 Mange av dei skal snubla,dei skal falla og skamslå seg,gå i snara og bli fanga.
16 Eg vil binda inn vitnemåletog forsegla lova hos læresveinane mine.
17 Så vil eg venta på Herren,som løyner andletet for Jakobs hus,og setja mi von til han.
18 Sjå, eg og borna som Herren har gjeve meg,er teikn og varsel i Israelfrå Herren over hærskarane,han som bur på Sion-fjellet.
19 Men når dei seier til dykk:«Spør gjenferd og spådomsånder til råds,slike som kviskrar og mumlar!Skal ikkje eit folk spørja sine gudar,spørja dei døde til råds for dei levande
20 om lov og om vitnemål?»Sanneleg, for dei som seier slikt,står ikkje sola opp meir!
21 Forkomen og svolten skal han dra omkring.Når han svelt, blir han harmog forbannar sin konge og sin Gud.Anten han vender seg mot det høge