19 Dersom de er villige og lydige,skal de få eta det gode i landet.
20 Men er de uvillige og trassige,skal de fortærast av sverd.For Herrens munn har tala.
21 Å, at den trufaste byenskulle bli ei hore!Han var full av rett,rettferd budde der,men no – mordarar!
22 Sølvet ditt har vorte til slagg,vinen din blanda med vatn.
23 Stormennene dine er opprørarar,dei held lag med tjuvar.Alle elskar stikkpengarog jagar etter gåver.Dei forsvarar ikkje den farlauseog fører ikkje enkjers sak.
24 Difor seier Herren,allhærs Herre,Israels Mektige:Ve, eg vil ta igjen med motstandarane mineog hemna meg på fiendane!
25 Eg vil lyfta handa mot deg,reinsa ut slagget ditt med lutog skilja ut alt bly.