3 Ein okse kjenner eigaren sin,eit esel krubba til herren sin.Men Israel kjenner ikkje,folket mitt forstår ikkje.
4 Ve det syndige folket,eit folk tungt av skuld,ei slekt som handlar vondt,born som øydelegg!Dei har forlate Herren,forakta Israels Heilageog vendt ryggen til han.
5 Har de ikkje fått nok slag?Gong på gong fell de frå.Kvart hovud er skadd,og kvart hjarte er sjukt.
6 Frå hovud til hæl er ingenting heilt,flengjer og skrammer og opne sår,ikkje reinsa, ikkje forbundne,ikkje bløytte opp med olje.
7 Landet dykkar ligg øyde,byane er brende,framande et opp jordarett framfor auga på dykk.Det er audt som når framande har øydelagt.
8 Berre dotter Sion er attsom ei lauvhytte i ein vingard,som eit vaktskjul på ei agurkmark,som ein kringsett by.
9 Hadde ikkje Herren over hærskaranelate nokre få av oss leva,då var vi som Sodoma,då likna vi på Gomorra.