1 Ve dei som gjev urettferdige påbodog skriv undertrykkjande forskrifter,
2 driv fattige bort frå domstolenog tek retten frå dei hjelpelause i folket mitt,gjer enkjer til sitt bytteog plyndrar farlause.
3 Men kva vil de gjera på oppgjersdagen,når øydelegginga kjem frå det fjerne?Kven flyktar de til for å få hjelp,og kvar vil de gjera av rikdomen dykkar
4 utan å måtta knela blant fangareller falla blant drepne?Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette,handa er framleis lyft.
5 Ve Assur, mitt vreideris!Stokken dei har i handa, er min harme.
6 Eg sender han mot eit ugudeleg folk,byd han fara mot folket eg er harm på,for å plyndra og røva, ta bytte og rovog trakka det ned som avfall i gata.
7 Men det er ikkje slik han meiner detog ikkje slik hans hjarte tenkjer det,for han vil øydeleggjaog utrydda mange folkeslag.