18 I hans herlege skogar og hagarskal han gjera ende på sjel og kropp,det skal gå som når ein sjuk tærest bort.
19 Så liten blir resten av tre i skogenat ein smågut kan skriva opp talet.
20 Den dagen skal resten av Israelog dei som slapp unna i Jakobs hus,ikkje lenger støtta seg til han som slo dei,men støtta seg i truskap til Herren, Israels Heilage.
21 Ein rest skal venda omtil den veldige Gud,ein rest av Jakob.
22 For sjølv om folket ditt, Israel,var som havsens sand,skal berre ein rest venda om.Utslettinga er fastsett,med rettferd strøymer ho på.
23 For Herren, allhærs Gud,fullfører utslettinga som er fastsettover heile jorda.
24 Difor, så seier Herren, allhærs Gud:Mitt folk, du som bur på Sion,ver ikkje redd for Assurnår han slår deg med stokkenog lyfter staven sin over deg,slik dei gjorde i Egypt.