5 Ve Assur, mitt vreideris!Stokken dei har i handa, er min harme.
6 Eg sender han mot eit ugudeleg folk,byd han fara mot folket eg er harm på,for å plyndra og røva, ta bytte og rovog trakka det ned som avfall i gata.
7 Men det er ikkje slik han meiner detog ikkje slik hans hjarte tenkjer det,for han vil øydeleggjaog utrydda mange folkeslag.
8 Han seier: «Er ikkje mine stormennkongar alle saman?
9 Er ikkje Kalno som Karkemisj,Hamat som Arpad,Samaria som Damaskus?
10 Når handa mi har nådd til avgudsrika,der gudebileta overgår dei i Jerusalem og Samaria,
11 skulle eg ikkje då kunna gjera det samemed Jerusalem og gudebileta hennarsom eg gjorde med Samaria og gudane hennar?»