4 Han skal dømma mellom folkeslagog skifta rett for mange folk.Dei skal smi sverda om til plogskjerog spyda til vingardsknivar.Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk,ikkje lenger lærast opp til krig.
5 Kom, Jakobs hus,lat oss vandra i Herrens lys!
6 Du har forkasta folket ditt, Jakobs hus.For der er det fullt av spådomarog av teikntydarar, som hos filistrane,overalt er det framande.
7 Landet er fullt av sølv og gull,overalt er det skattkammer.Landet er fullt av hestar,overalt er det vogner.
8 Landet er fullt av avgudar,folk tilbed noko dei sjølve har lagamed sine eigne hender og fingrar.
9 Mennesket er bøygd,kvar mann er fornedra.Tilgjev dei ikkje!
10 Gå inn i fjellet, gøym deg i jordafor redsla som Herren vekkjer,for hans stordom og velde!