3 femtimannsføraren og den fornemme mannen,rådgjevaren, trollmannenog den dyktige åndemanaren.
4 Så gjev eg dei gutar til leiarar,villstyringar skal herska over dei.
5 Folket blir undertrykt,mann av mann og granne av granne,guten set seg opp mot den gamle,den låge mot den høge.
6 Når ein mann tek tak i ein annan i farshuset sitt og seier:«Du har ei kappe, du skal vera hovding for oss,di hand skal rå over denne ruinhaugen»,
7 då skal den andre ta til ords og seia:«Eg kan ikkje forbinda sår,og i huset mitt finst korkje brød eller klede.Set ikkje meg til hovding over folket!»
8 For Jerusalem har snubla, og Juda har falle,for med ord og gjerningar står dei Herren imot,og dei set seg opp mot hans herlegdom.
9 Andleta deira vitnar imot dei.Som Sodoma kunngjer dei si syndog løyner henne ikkje.Ve dei! Dei fører ulukke over seg sjølve.