4 Så gjev eg dei gutar til leiarar,villstyringar skal herska over dei.
5 Folket blir undertrykt,mann av mann og granne av granne,guten set seg opp mot den gamle,den låge mot den høge.
6 Når ein mann tek tak i ein annan i farshuset sitt og seier:«Du har ei kappe, du skal vera hovding for oss,di hand skal rå over denne ruinhaugen»,
7 då skal den andre ta til ords og seia:«Eg kan ikkje forbinda sår,og i huset mitt finst korkje brød eller klede.Set ikkje meg til hovding over folket!»
8 For Jerusalem har snubla, og Juda har falle,for med ord og gjerningar står dei Herren imot,og dei set seg opp mot hans herlegdom.
9 Andleta deira vitnar imot dei.Som Sodoma kunngjer dei si syndog løyner henne ikkje.Ve dei! Dei fører ulukke over seg sjølve.
10 Sæl er den rettferdige,for det går han godt,og han skal nyta frukta av sine gjerningar.