1 Eg vil syngja om min kjære ven,ein song om min ven og vingarden hans.Ein vingard hadde min kjære ven,med den feitaste jord.
2 Han hakka han opp,og han plukka stein,og han planta den finaste vinog bygde eit vakttårn i midten,også ei vinpresse hogg han ut.Så venta han seg gode druer,men beiske druer fekk han.
3 Og no, de som bur i Jerusalem,og de menneske i Juda:Døm mellom meg og vingarden min!
4 Kva meir kunne gjerast med vingarden minenn det eg alt hadde gjort?Kvifor venta eg meg gode druernår druene eg fekk, var beiske?
5 No skal eg seia dykkkva eg vil gjera med vingarden min.Eg tek bort gjerdet så han blir til beitemark,eg riv ned muren så han kan trakkast ned.