11 Ve dei som jagar etter sterk drikkfrå tidleg morgon av,som sit til seint på kveldog blir heite av vin.
12 Dei har lyre, harpe, handtromme, fløyteog vin på festane sine,men Herrens gjerning merkar dei ikkje,dei ser ikkje kva hans hender har gjort.
13 Difor skal folket mitt dra i eksilfør dei veit av det,dei fremste skal svelta i helog folkemassen forgå av tørste.
14 Difor opnar dødsriket svelgetog sperrar opp munnen på vidt gap,og ned fer dei, både dei fornemme og massen,med sin larm og sin jubel.
15 Og mennesket er bøygd,kvar mann er fornedra,dei stolte må slå auga ned.
16 Men Herren over hærskaraneer opphøgd i dommen,den heilage Gudviser seg heilag ved rettferd.
17 Lam skal beita som i ei utmark,og i rikfolks ruinar skal geiter eta.