13 Difor skal folket mitt dra i eksilfør dei veit av det,dei fremste skal svelta i helog folkemassen forgå av tørste.
14 Difor opnar dødsriket svelgetog sperrar opp munnen på vidt gap,og ned fer dei, både dei fornemme og massen,med sin larm og sin jubel.
15 Og mennesket er bøygd,kvar mann er fornedra,dei stolte må slå auga ned.
16 Men Herren over hærskaraneer opphøgd i dommen,den heilage Gudviser seg heilag ved rettferd.
17 Lam skal beita som i ei utmark,og i rikfolks ruinar skal geiter eta.
18 Ve dei som dreg skulda etter segmed tau av løgnog sleper på synd som med vognreip
19 og seier:«No må han skunda segå få gjort det han skal,så vi får sjå det!No må planen til Israels Heilagesnart gå i oppfylling,så vi kan kjenna det!»