25 Difor flamma Herrens vreide opp mot folket hans.Han lyfte handa mot detog slo det så fjella skalvog lika låg som avfall midt i gatene.Men med det har harmen hans ikkje lagt seg,handa er framleis lyft.
26 Han lyfter banneret for eit folk langt borteog plystrar det hit frå enden av jorda.Og sjå, der kjem dei, raskt og lett.
27 Det er ingen der som er trøytt eller snublar,ingen blundar og ingen søv.Beltet om livet losnar ikkje,og inga sandalreim slitnar.
28 Pilene er kvessteog kvar boge spent,hestehovane er som flintog vognhjula som ein kvervelvind.
29 Med eit løvebrøl kjem dei,dei brøler som ei ung løve,knurrar og grip etter byttet sitt,ber det bort,og ingen kan berga det.
30 Den dagen stig eit brøl,som brølet frå havet.Ser ein ut over jorda,er det mørker og naud.Lyset mørknar av tunge skyer.