6 Eg skal gjera han til øydemark.Han skal ikkje skjerast og tynnast meir,men torn og tistel skal gro.Og eg skal nekta skyeneå la regnet falla på han.
7 For vingarden til Herren over hærskarane,det er Israels hus,og menneska i Judaer hans kjæraste hage.Han venta rett, men sjå, det kom blod,rettferd, men sjå, det kom skrik!
8 Ve dei som legg hus til husog føyer åker til åkerheilt til det ikkje er plass attog de er dei einastesom er busette i landet!
9 I mine øyre lyder det frå Herren over hærskarane:Sanneleg, mange hus skal bli aude,store og gode, men utan folk.
10 For ein vingard det tek ti dagar å pløya,gjev berre ein bat igjen,og ein homer såkorn gjev ein efa.
11 Ve dei som jagar etter sterk drikkfrå tidleg morgon av,som sit til seint på kveldog blir heite av vin.
12 Dei har lyre, harpe, handtromme, fløyteog vin på festane sine,men Herrens gjerning merkar dei ikkje,dei ser ikkje kva hans hender har gjort.