8 Ve dei som legg hus til husog føyer åker til åkerheilt til det ikkje er plass attog de er dei einastesom er busette i landet!
9 I mine øyre lyder det frå Herren over hærskarane:Sanneleg, mange hus skal bli aude,store og gode, men utan folk.
10 For ein vingard det tek ti dagar å pløya,gjev berre ein bat igjen,og ein homer såkorn gjev ein efa.
11 Ve dei som jagar etter sterk drikkfrå tidleg morgon av,som sit til seint på kveldog blir heite av vin.
12 Dei har lyre, harpe, handtromme, fløyteog vin på festane sine,men Herrens gjerning merkar dei ikkje,dei ser ikkje kva hans hender har gjort.
13 Difor skal folket mitt dra i eksilfør dei veit av det,dei fremste skal svelta i helog folkemassen forgå av tørste.
14 Difor opnar dødsriket svelgetog sperrar opp munnen på vidt gap,og ned fer dei, både dei fornemme og massen,med sin larm og sin jubel.