3 Dei ropa til kvarandre:«Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot.Heile jorda er full av hans herlegdom.»
4 Røysta som ropa, fekk boltane i dørtersklane til å rista, og huset vart fylt av røyk.
5 Då sa eg:«Ve meg! Det er ute med meg.For eg er ein mann med ureine lepper,og eg bur i eit folk med ureine lepper,og auga mine har sett kongen, Herren over hærskarane.»
6 Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo som han hadde teke med ei tong frå altaret.
7 Med den rørte han ved munnen min og sa:«Sjå, denne har rørt ved leppene dine.Di skuld er borte, og di synd er sona.»
8 Då høyrde eg Herrens røyst. Han sa:«Kven skal eg senda,og kven vil gå for oss?»Eg sa: «Eg! Send meg!»
9 Han sa:«Gå og sei til dette folket:De skal høyra og høyra, men ikkje forstå,sjå og sjå, men ikkje skjøna!