8 Då høyrde eg Herrens røyst. Han sa:«Kven skal eg senda,og kven vil gå for oss?»Eg sa: «Eg! Send meg!»
9 Han sa:«Gå og sei til dette folket:De skal høyra og høyra, men ikkje forstå,sjå og sjå, men ikkje skjøna!
10 Gjer hjartet til dette folket feitt,gjer øyra tungeog klin auga att,så dei ikkje kan sjå med auga,ikkje høyra med øyra,ikkje forstå med hjartetog ikkje venda om og bli lækte!»
11 Då sa eg: «Kor lenge, Herre?» Han sa:«Til byane ligg aude utan folkog husa er utan menneskeog landet ligg audt, ei øydemark.»
12 Og Herren skal senda menneska langt bort,audt og forlate skal landet bli.
13 Er det enno att ein tiandedel,skal den òg brennast oppsom når ei eik eller terebinte blir feltog berre ein stubbe står att.Den stubben er ei heilag ætt.