1 I dei dagane då Ahas, son til Jotam, Ussias son, var konge i Juda, drog kong Resin av Aram og kong Pekah av Israel, son til Remalja, opp i krig mot Jerusalem. Men dei greidde ikkje å gå til åtak på byen.
2 Det vart meldt til Davids hus: «Aramearane har slege leir i Efraim.» Då skalv hjartet både hos kongen og folket, slik trea i skogen skjelv for vinden.
3 Då sa Herren til Jesaja: Gå ut, du og son din Sjear-Jasjub, og møt Ahas ved enden av vassleidningen frå Øvredammen, på vegen til vaskeplassen.
4 Sei til han: Ta deg i vare og hald deg i ro! Ver ikkje redd og mist ikkje motet for desse to utbrende og rykande vedskiene, for den brennande harmen til Resin og Aram og son til Remalja!
5 Fordi Aram, Efraim og son til Remalja har lagt vonde planar mot deg og sagt: