10 Herren tala igjen til Ahas og sa:
11 «Be om eit teikn frå Herren din Gud, nede frå dødsriket eller oppe frå det høge!»
12 Men Ahas svara: «Eg vil ikkje be om noko og ikkje setja Herren på prøve.»
13 Då sa han: «Så høyr då, Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, må de òg trøytta min Gud?
14 Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel.
15 Rømme og honning skal han eta til han forstår å forkasta det vonde og velja det gode.
16 For før guten forstår å forkasta det vonde og velja det gode, skal det bli audt i landet til dei to kongane du fryktar.