8 For Damaskus er Arams hovud,og Resin er hovud i Damaskus– men om sekstifem år er Efraim knust,og det er ikkje lenger eit folk –
9 og Samaria er Efraims hovud,og son til Remalja er hovud i Samaria.Vil de ikkje tru, kan de ikkje stå støtt.»
10 Herren tala igjen til Ahas og sa:
11 «Be om eit teikn frå Herren din Gud, nede frå dødsriket eller oppe frå det høge!»
12 Men Ahas svara: «Eg vil ikkje be om noko og ikkje setja Herren på prøve.»
13 Då sa han: «Så høyr då, Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, må de òg trøytta min Gud?
14 Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel.