3 Så var eg saman med profetkvinna, og ho vart med barn og fekk ein son. Då sa Herren til meg: «Gjev han namnet Maher-Sjalal-Hasj-Bas.
4 For før guten har lært å seia far og mor, skal rikdomane frå Damaskus og krigsbyttet frå Samaria berast fram for kongen av Assur.»
5 Herren tala igjen til meg og sa:
6 Fordi dette folket foraktarSiloas vatn, som renn så stilt,og mistar motet for Resin og Remaljas son,
7 sjå, difor lèt HerrenStorelva stiga over deimed veldige vassmengder– assyrarkongen og all hans makt.Ho skal stiga over alle sine elvefarog gå over alle sine bredder,
8 ho kjem inn over Juda,fløymer over og breier seg utovertil ho når opp til halsen.Med sine utspente venger fyller ho landet ditt,så vidt som det er, Immanuel!
9 Lat hærropet lyda, folkeslag, og bli slegne av skrekk!Lytt, alle fjerne land!Rust dykk til strid og bli slegne av skrekk,rust til strid og bli slegne av skrekk!