4 For før guten har lært å seia far og mor, skal rikdomane frå Damaskus og krigsbyttet frå Samaria berast fram for kongen av Assur.»
5 Herren tala igjen til meg og sa:
6 Fordi dette folket foraktarSiloas vatn, som renn så stilt,og mistar motet for Resin og Remaljas son,
7 sjå, difor lèt HerrenStorelva stiga over deimed veldige vassmengder– assyrarkongen og all hans makt.Ho skal stiga over alle sine elvefarog gå over alle sine bredder,
8 ho kjem inn over Juda,fløymer over og breier seg utovertil ho når opp til halsen.Med sine utspente venger fyller ho landet ditt,så vidt som det er, Immanuel!
9 Lat hærropet lyda, folkeslag, og bli slegne av skrekk!Lytt, alle fjerne land!Rust dykk til strid og bli slegne av skrekk,rust til strid og bli slegne av skrekk!
10 Legg ein plan, han skal slå feil!Sei eit ord, det skal ikkje slå til!For Gud er med oss.