1 Sanneleg, det skal ikkje vera mørker for henne som er i trengsle. Før i tida førte han skam over Sebulons land og Naftalis land. Men i framtida skal han la dei koma til ære: vegen til havet, landet bortanfor Jordan, Galilea, der folkeslag bur.
2 Det folket som går i mørkret,ser eit stort lys.Over dei som bur i dødsskuggens land,strålar lyset fram.
3 Du lét dei jubla høgtog gjorde gleda stor.Dei gledde seg for ditt andletsom ein gleder seg over kornhausten,som ein jublar når krigsbyttet blir delt.
4 For åket som tyngde,stokken over skuldreneog staven til slavedrivarenhar du brote sund som på Midjans dag.
5 Ja, kvar støvel som trampa,og kvar kappe tilsølt med blodskal brennast og bli til føde for elden.
6 For eit barn er oss fødd,ein son er oss gjeven.Herreveldet er lagt på hans skulder.Han har fått namnetUnderfull rådgjevar, Veldig Gud,Evig far, Fredsfyrste.