3 Du lét dei jubla høgtog gjorde gleda stor.Dei gledde seg for ditt andletsom ein gleder seg over kornhausten,som ein jublar når krigsbyttet blir delt.
4 For åket som tyngde,stokken over skuldreneog staven til slavedrivarenhar du brote sund som på Midjans dag.
5 Ja, kvar støvel som trampa,og kvar kappe tilsølt med blodskal brennast og bli til føde for elden.
6 For eit barn er oss fødd,ein son er oss gjeven.Herreveldet er lagt på hans skulder.Han har fått namnetUnderfull rådgjevar, Veldig Gud,Evig far, Fredsfyrste.
7 Så skal herreveldet vera stortog freden utan endeover Davids trone og hans kongerike.Han skal gjera det fast og halda det oppemed rett og rettferdfrå no og for all tid. Herren over hærskarane skal gjera dettei sin brennande iver.
8 Eit ord har Herren sendt mot Jakob,det har slege ned i Israel.
9 Og dei har fått kjenna det, heile folket,Efraim og dei som bur i Samaria,dei som stolte og hovmodige sa: